|
VELKOMMEN
SOM BRUKAR AV LINDÅS FOLKEBOKSAMLING
Alle som
ønskjer det, kan bruka tilboda til folkeboksamlinga – både
barn og vaksne. Alle utlån er gratis.
PÅ
FOLKEBOKSAMLINGA KAN DU:
- LÅNE
BØKER. Lånetid: 4 veker. Dersom det må sendast
ut ei påminning om innlevering etter at lånetida er ute,
kostar det kr 10 første gong, kr 20 andre gong og kr 30
tredje gong. Høgaste påminningsgebyr: kr 30. Etter 3 påminningar
vert det sendt rekning på bøkene. Bortkomne/øydelagte bøker
må erstattast. Treng du meir tid? Dersom ikkje andre
ventar på boka, kan du over telefon utvida lånetida med
ein ny låneperiode. Ha boka/bøkene framfor deg når du
ringjer. Du kan reservera utlånte bøker, utan at det
kostar noko.
- LESE
AVISER
- LÅNE
TIDSSKRIFT.
Folkeboksamlinga har om lag 50 tidsskrift innafor ulike
fagområde. Desse er alle til utlån, med unnatak av siste
nummer, som alltid skal kunna finnast på
folkeboksamlinga. Lånereglar elles – som for bøker.
- LÅNE
VIDEO. Lånetid: Ei veke. Lånereglar elles – som for bøker.
- LÅNE
SPRÅKKURS.
Lånetid: 8 veker. Lånereglar elles – som for bøker.
- LÅNE
CD-ROM. Du kan låne med deg opptil 2 CD-ROM kvar
gong. Lånetid: 1 veke. Lånereglar elles – som for bøker.
- BRUKE
OPPSLAGSVERK
- KOPIERE.
Om du treng å bruke kopimaskin, kostar dette kr 0,50 pr.
ark.
- BRUKE
INTERNETT.
Lindås folkeboksamling tilbyr Internett-tilgang
til kommunen sine innbyggjarar i tråd med
Biblioteklova § 1. Biblioteket skal stille til rådvelde
materiale, også i elektronisk form, som møter den
utdannings- og rekreasjonstrong innbyggjarane har.
Internett-terminalen kan reserverast for ½ time om
gongen.
Det skal ikkje vere fleire enn 2 ved PC`en samstundes,
dersom ikkje anna er avtala. Biblioteket har ingen
kontroll over informasjon på Internett.
Filer må lastast direkte ned på diskettar som må kjøpast
på biblioteket.
Det er berre høve til å bruke web-baserte e-posttenester.
Utskrifter må betalast etter gjeldande prisar.
Som med anna materiale i biblioteket, er føresette og
ansvarlege for barnas bruk av Internett. Det er ikkje lov
å leite fram pornografi / diskriminerande stoff. Brot på
norsk lov ved bruk av Internett-terminalen
medfører inndraging av brukaren sin tilgangsrett.
- BRUKE
STUDIEROMMET.
Det er tilgjengeleg for alle i opningstida, og skal
nyttast til studier. Studierommet er eit ”stillerom”.
Rommet kan reserverast for grupper. Vaksne, registerte
studentar kan låne nøkkel til rommet utanom opningstida.
Nøkkel kan lånast for inntil 1 veke om gongen.
- BRUKE
MUSIKKSAMLINGA.
Folkeboksamlinga har både kassettar og CD-plater
til utlån. Lånereglar som for bøker. I musikksamlinga
finst og notar og litteratur om musikk. På biblioteket
finn du og ein lyttekrok der du kan høyre på musikk i
fred og ro.
EVENTYRSTUNDER
OG ANDRE ARRANGEMENT…
Folkeboksamlinga
arrangerer ulike samkome i løpet av året. Spør i skranken,
eller sjekk heimesidene våre for opplysningar om tema/tid.
NOKO
DU IKKJE FINN I SAMLINGA?
Vi
søkjer gjerne for deg dersom du er på jakt etter informajon,
til dømes siste lover og reglar på ulike område.
Vi
er del av eit landsfemnande nettverk som gjer at vi kan låne
inn litteratur frå heile landet utan meirkostnader for deg.
TRENG
DU HJELP?
Spør!!!
Dei som arbeider ved folkeboksamlinga, er der for å hjelpa
DEG. Dei er glade for spørsmål.
LINDÅS
FOLKEBOKSAMLING ER BRUKARANE SITT BIBLIOTEK!
|