Lindås folkeboksamling

Lindås folkeboksamling
Hovudbiblioteket Knarvik
Tlf: 56 37 50 72
E-post: marit_gro.berge@lindas.kommune.no





   

Kva har biblioteket?
Søk i samlinga her

Liten webannonse med gul skrift og transparent bakgrunn

Lurar du på noko?
Spør ein bibliotekar
  Hovudsida
  Kontakt oss
 

Arrangement

 

Bokbussen

 

Lesetips

  Lenketips
  Om biblioteket
  På tapetet
 

Rettleiing

 


OPNINGSTIDER
  Hovudboksamlinga Knarvik
  Måndag:
Tysdag:
Onsdag:
Torsdag:
Fredag:
Laurdag
STENGD
11.00-19.00
11.00-19.00
11.00-15.00
14.00-19.00
11.00-15.00
 
Sommaropning :
  Måndag:
Tysdag:
Onsdag:
Torsdag:
Fredag:
Laurdag
STENGD
11.00-15.00
14.00-18.00
11.00-15.00
14.00-18.00
STENGD
 
Lindås filial
  Onsdag
Torsdag 
11.00-14.00
14.00-19.00
  17. juni - 18. august:
STENGD

 









Lesetips for vakse                 Klikk her for lesetips til barn og unge


Forfattar:
Elizabeth Kostova
Tittel:
Historikeren
Kommentar:
Likte du Da Vinci-koden? Les Historikeren!
Mare

Boka finn du på biblioteket!

Forfattar: 
Anne B. Ragde
Tittel: 

Berlinerpoplene
Kommentar:
Les ei av dei nominerte bøkene til P2 lyttarane sin romanpris for 2004.
Ei gamal bondekvinne døyr. På dødsleiet hennar møter 3 brør kvarandre att etter mange år. Dottera til den ein av dei, einaste barnebarnet til den gamle kvinna,  møter og opp. Slik startar ein drivande godt fortalt historie om ulike menneskeskjebne som er fletta saman i eit løynd drama dei ikkje er medvitne om når boka startar.  
Mare

Boka finn du på biblioteket!

Forfattar:
Carlos Ruiz Zafón
Tittel:
Vindens skygge

 

Kommentar:
Varme på peisen, kaffi i kruset, beina på puffen - og den perfekte romanen for ein våt romjulsdag. I eit gamalt antikvariat (dei gløymde bøkers kyrkjegard)  i Barcelona finner Daniel boka "Vindens skygge". Han let seg oppsluke  av innhaldet  og vert virvla inn i mystikken rundt boka. Ein fascistisk politiinspektør, ein tom herskapsbustad med gravkammer i kjellaren, ein romanfigur som let seg lekamleggjere, livslangt venskap, hat, sjalusi og brennande kjærleik. Len deg tilbake - og Les!
Meir om boka: Bokmelding i Dagbladet
Mare


Boka finn du på biblioteket!

Forfattar:
Arto Paasilinna 
Tittel:
Harens år

Kommentar: 
Kor lite skal i røynda til for å endra eit liv? Her gjer haren endringa. Boka liknar på Jack Londons bøker - likar du dei, likar du kan hende denne...
B

 

 

 

Boka finn du på biblioteket!

Forfattar:
Orhan Pamuk
Tittel:
Mitt navn er Karmosin

 

 

Kommentar:
Vi skal til Tyrkia på slutten av 1500-talet. Til miljøet rundt ei gruppe minitatyrmålarar. Dei har fått i oppgåve av sultaen å  illustrere ei bok i  europeiske stil istadenfor i den tradisjonelle persisk-osmanske. Ei farleg oppgåve - skal det vise seg. Stemmene til mange ulike forteljarar skaper tilsaman ei storslått historie, like samansett og innhaldsrik som tyrkisk ornamentikk. 
Mare

Boka finn du på biblioteket!

Redaktør:
Bjarte Birkeland
Tittel:
Sivle frå Voss

 

 

Kommentar:
Per Sivle interessa er stor i Lindås: Det var fullt hus på biblioteket sist laurdag under arrangementet "Du Per, du Per..." - om Per Sivles liv og dikting. I denne boka som kom ut i 1974 er mange interessante artiklar om både forfattaren og diktinga hans. Boka er sett saman av inlegg på Sivle-seminaret på Voss i 1973.
Mare

Boka finn du på biblioteket!

Forfattar:
Jon Fosse
Tittel:
Det er Ales

Kommentar: 
Les ei bok av årets forfattar i Lindås - Jon Fosse. Dette er den siste romanen, tynn og fort lese - men ei bok som lever  vidare i deg etter at du har lese ho.
Mare.

 

Boka finn du på biblioteket!

Forfattar:
Aust, Kurt
Tittel:
1. Vredens dag
2. Den tredje sannhet
3.
Hjemsøkt

Kommentar:
Her får du tre ting på ein gong:

    • Historisk roman
    • Spenning
    • God litteratur.

Og til no: Tre bøker om den danske professor Thomas Boueberge og hans norske assistent Petter Hortten. Velskrivne kriminalromanar som skildrarar livet i Danmark og Noreg på 1700-talet.
Mare
Hausten 2004 kom den fjerde boka: Kongefrykt... enno ein go´bit frå Aust.

Bøkene finn du på biblioteket!

Forfattar:
Tolstoj, Lev
Tittel:
Ivan Iljitsj´ død



Kommentar:
Kva gjer ei bok til verdslitteratur og klassikar?

Les boka som vart skriven i 1886 - og finn svaret.
Spesielt vakker utgåve: Den norske bokklubben si utgjeving frå 2003, med bilete av Kjell Erik Killi Olsen
Mare

Boka finn du på biblioteket

Forfattar
Pearson, Allison
Tittel:
Jeg fatter ikke hvordan hun får det til.

 

Kommentar:
Likte du bøkene om Bridget Jones? Prøv denne. Humoristisk bok om den moderne yrkeskvinna og tidsklemma.
Mare

Boka finn du på biblioteket!



For barn og ungdom

 
Forfattar:

Linde, Heidi
Titttel:
Jug!
Kommentar:
Boka handler om å få stefamilie. Annika, snart 13 år, har budd saman med mor alltid. No har mor funne seg ein kjæreste, Fredrik som og har ei dotter, og han er skilt. Når desse fire personane skal på ferie saman, til Fredriks flotte landsted, vert heile livet til Annika snudd opp ned. Mor er annleis, og dei andre er ikkje frå sama miljø som Annika. Ho legg ein farleg plan for å få tilbake livet slik det var før.
Boka er spanande og skildrar godt kjensler eit barn kan ha i samband med å få stefar.
A

Boka finn du på biblioteket!


Forfattar:

Larsen, Dag
Tittel:
Hassan og Taxi

Kommentar:
Hassan er drosjesjåfør. Ein dag dukker katten Taxi opp. Hassan og Taxi vert gode vener, og Taxi sit alltid på i drosjen til Hassan. Ein dag skjer det noko med Hassan og drosjen. Skal tru om Taxi kan hjelpe?
Boka er fin og lettlest. Den er sett med store bokstavar og er illustrert. (Bokmål. Alder: 7-9 år).
A

Boka finn du på biblioteket!

Forfattar:
Parr, Maria
Tittel:
Vaffelhjarte

Kommentar:
Boka er om vennskap mellom barn.  borte. Boka har god, leseleg skrift med nokre teikningar. Mykje humor, men og trist. (Nynorsk. 8-12 år)
A

Boka finn du på biblioteket

 

 
  Lindås kommune   Sist oppdatert: 06.10 2008
marit_gro.berge@lindas.kommune.no