Om biblioteket
Under kan du lese sist årsmelding. Tidlegare årsmeldingar
kan du laste ned her i pdf.format:
Årsmelding 2002
Årsmelding
2003 Årsmelding 2004
Årsmelding
2005
Mål:
Biblioteket skal ha til oppgåve å fremja opplysning,
utdanning og anna kulturell verksemd gjennom
informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna eigna
materiale gratis til disposisjon for innbyggjarane i kommunen.
Biblioteket skal i sine tilbod til barn og vaksne leggja vekt
på kvalitet, mangfald og aktualitet. Verksemda skal vera
utadretta, og tilboda skal gjerast kjend.
Økonomi:
Det er ingen
vesentlege avvik mellom utgifter i årsrekneskapen og løyving
til folkeboksamlinga.
Struktur:
Folkeboksamlinga i Lindås har
følgjande struktur: Hovudboksamling i Knarvik, filial på
Lindås og bokbuss som besøker
7 barnehagar og alle
grunnskulane, med unnatak av skulane i Knarvik og Alversund.
Personalressursen ved Ostereidet filial vart flytta til
hovudboksamlinga i perioden, og Ostereidet filial vart lagt
ned.
Samarbeid:
Regional bibliotekplan
Biblioteka i Nordhordland fekk tildelt midlar frå Regionrådet
i meldingsåret, til
utarbeiding av felles bibliotekplan for regionen. Arbeidet
skal vere klart i løpet av 2005.
Kulturforum
Biblioteket samarbeider med
Lindås kulturskule, Frivilligsentral og
ungdomskonsulent. Kulturforum arrangerte kulturkonferanse
i mars.
Sjukefråvær
Sjukefråværet
ved Lindås folkeboksamling er stabilt lågt.
Trivselstiltak:
Kompetanseutvikling
2 av dei tilsette tek del i HIB sitt kurs om Lesing- og
lesestimulering som strekk seg over 3 semester.
3 av dei tilsette var på studietur til Kvinnherad, Kvam og
Odda i mai.
”Ny
energi”
I haust starta vi prosjektet ”Ny energi”, der målet er å
auke arbeidsinnsats og trivsel
for dei tilsette, gjennom
ein rask tur i samband med matpausa, 2 dagar i veka.
Ressursar
og aktivitet:
Personalet
Den samla personalressursen er på 6 tilsette delt på 3,89 årsverk.
Personalressursen pr. innbyggar er lågare
i Lindås kommune enn gjennomsnittet for andre bibliotek:
Tal på innbyggjarar pr
årsverk
| Årstal |
Lindås |
Landsgjennomsnitt |
Hordaland |
Gruppe
11 |
| 2003 |
3270 |
2635 |
2808 |
2789 |
| 2004 |
3353 |
2531 |
2681 |
2720 |
| 2005 |
3353* |
|
|
|
KOSTRA-tala
syner at Lindås har eit høgare innbyggjartal pr. årsverk
enn både landsgjennomsnitt, gjennomsnittet for fylket og for
gruppe 11. Medan tendensen i samanlikningskommunane går mot
fleire tilsette pr innbyggjar, syner KOSTRA-tala ein motsett
tendens i Lindås. (*KOSTRA-tal for 2005 er ikkje klare).
Bibliotekutlån pr årsverk
| Årstal |
Lindås |
Landsgjennomsnitt |
Hordaland |
Gruppe
11 |
| 2003 |
16809 |
14651 |
17005 |
14505 |
| 2004 |
17379 |
13950 |
16535 |
14689 |
| 2005 |
17913 |
* |
|
|
Bibliotekutlån
pr. årsverk i
2005 var 17913.
(17379 i 2004).
KOSTRA-tala
frå 2003/2004 syner at biblioteket
ligg høgare i produktivitet pr personaleining
enn gjennomsnittet:
Dette tyder
på at kommunen har funne fram til ein effektiv
bibliotekstruktur, men tala er og eit uttrykk for travle
arbeidsdagar for dei tilsette. Som det vil framgå av
aktivitetslista held biblioteket eit relativt høgt
aktivitetsnivå noko som bidreg ytterlegare
til at det vert hektiske arbeidsdagar for den einskilde.
Utlån
|
|
|
|
|
|
|
| ÅR
|
Hovudboksamlinga
|
Lindås
filial
|
Ostereidet
filial
|
Bokbuss
|
Samla
utlån
|
|
2002
|
39868
|
3944
|
2578
|
11110
|
65144
|
|
2003
|
51595
|
3639
|
2119
|
8034
|
65387
|
|
2004
|
52776
|
2517
|
1073
|
11237
|
67603
|
|
2005
|
53246
|
3378
|
0
|
13057
|
69681
|
Samla
auke i utlånet
ved Lindås folkeboksamling frå år 2004 til 2005 er på
2078 einingar. Ved hovudboksamlinga er det ein viss nedgang i
bokutlånet, medan utlånet av andre media som musikk, lydbøker
og DVDar har auka. Ved Lindås filial og på bokbussen viser
tala ein jamn auke for alle media.
Utlånet
frå bokbussen er på 13057 einingar (av dette er 12483 bøker).
Til samanlikning var det samla registrerte utlånstalet for
alle bokbuss-skulane i Lindås i år 2004 på 7175
einingar. Sjølv om ikkje alle skulane sin statistikk er like
påliteleg, viser likevel tala kor viktig bokbussen er for
skulane.
Aukande
besøkstal
Samla gjennomsnittleg besøkstal – alle avdelingar:
|
År
|
Besøk
|
|
2004
|
69365
|
|
2005
|
71420
|
Folkeboksamlinga
i Lindås har i gjennomsnitt
71420 besøk i året.
Aktivitetar
for vaksne:
Førehandsrøysting
Også ved dette valet har kommunen hatt
tilbod om førehandsrøysting
på hovudbiblioteket og på Lindås filial. 713
personar nytta seg av tilbodet.
Videokonferanser
Det har vore ein del oppstartsproblem rundt
videokonferanseutstyret, men biblioteka i Nordhordland har
hatt regelmessige møter i perioden, og vil etterkvart kunne
stille rommet til disposisjon for det lokale næringslivet og
vaksne under utdanning.
PC med internett-tilgang for publikum installert
på Lindås filial.
Det vart oppretta Forbrukarinfo på begge avdelingar i
desember. Tiltaket er eit samarbeid med Forbrukerrådet.
I samband med prosjektet ”Bibliotek- meir enn bokhus”
arrangerte biblioteket eit seminar om dysleksi for formidlarar.
Det var vel 50 deltakarar på seminaret. Prosjektet,
som var eit samarbeidsprosjekt med Nordhordland
dysleksiforening, vart avslutta dette året.
Litteraturformidling
Folkeboksamlinga arrangerer lesekveldar for interesserte (deltakar
i Nordhordland Litterære Selskap), og held bokorinteringar
for lag og organisasjonar på førespurnad.
Nordhordland fotoklubb har fast utstillingsplass i
biblioteket.
Aktivitetar for barn:
Gje rom for lesing
Biblioteket held fram arbeidet med å registrere skulane sine
katalogar inn i felles internettbasert katalog.
All
tilvekst som skulane har kjøpt inn dette året er registrert
i katalogen. Mål alle folkebiblioteka og 41 skuleboksamlingar
skal ha felles katalog.
Etter skuletid i Knarvik
Ope hus for 4 -7 klasse 1 gong i veka, med høgtlesing,
stillelesing, spel og tid til lekser. Frammøte 8-12 barn.
Prosjektet Les-for-livet
vart avslutta våren 2005. Folkeboksamlinga fekk
støtte frå den kulturelle skulesekken til å halde
fram 2.klassetilbodet. Det vart arrangert
”eventyrtur til biblioteket”
der Bergen familieteater synte forestillinga ”Katten
med støvlene”, og der barna fekk skattkiste med bøker til
langtidslån i klasserommet.
Bokprat
På vårhalvåret møtte biblioteket alle 2. og 6.klasser.
Andre klassetrinn på
førespurnad.
Eventyrstund vart arrangert 2.kvar veke i vårhalvåret.
Musikkens
Venner arrangerte Bamsekonsert på biblioteket i oktober.
Lindås
folkeboksamling har samarbeidd med Austrheim folkeboksamling
og Meland bibliotek om
deltaking på Utdanningsmessa i Knarvik.
Knarvik, 15. februar 2006
Marit Gro Berge |